Adresse:
Fensfjordvegen 474
5986 Hosteland.
Telefon : 56 16 64 00
e-postadresse : nordbygda.sk@masfjorden.kommune.no
Kontaktinformasjon tilsette :
Rektor Berit Lygre
Undervisningsinspektør Anita Hjartholm
Leiar SFO Margun Sleire
Lorem ipsum er opprinnelig et lettere redigert utdrag fra De finibus bonorum et malorum (Om det høyeste mål for godt og ondt) av Cicero. Opprinnelig begynte avsnittet: Neque porro quisquam est qui dolorem ipsum quia dolor sit amet, consectetur, adipisci velit («Ingen liker smerte for smertens skyld, eller søker den og ønsker den, bare fordi den er smerte…»).
Nordbygda skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule. Skuleåret 2012/14 er elevtalet 79, fordelt med 21 på ungdomssteget og 68 på barnesteget.
Skulen ligg vakkert til på Hosteland, på nordsida av Masfjorden. I same område finn ein òg Nordbygda barnehage og Nordbygda helsetun med lege, helsesyster og fysioterapeut.
Nordbygda skule har eit personale på til saman 25, mange av desse i deltidsstilling. Inkludert rektor er der 14 lærarar, me har i alt 7 assistentar/ fagarbeidarar, 2 reinhaldarar, ein sekretær og ein bibliotekar. I tillegg har skulen ein lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Skulen har ei godt tilrettelagd og mykje brukt skulefritidsordning. Måndag og torsdag vert der gitt tilbod om leksehjelp for 1.-4. klasse. Dette er lagt til ein time etter skuletid, og vert gitt innan rammene for SFO.
Kvar onsdag er to grupper av elevar i den kommunale idrettsskulen i sving, med born i 2.-4. klasse i ei gruppe, frå 4.-7. klasse i den andre.
Masfjorden folkebibliotek er lokalisert til Nordbygda skule. Biblioteksjefen har 20 % av stillinga si som skulebibliotekar.
Skuleåret 2013/ 2014 har skulen desse tre satsingsområda: Lesing – sosial kompetanse – fysisk aktivitet. Alle skulane i Masfjorden er i år kome med i eit utviklingsprosjekt kalla «Betre læringsmiljø». Dette er eit prosjekt som er støtta av Utdanningsdirektoratet, og som skal gå fram til nyttår 2015.
Skulen har også ein eigen plan for arbeidet med sosial kompetanse som er styrande for arbeidet med å førebyggje mobbing og å utvikle eit stabilt og inkluderande elev- og læringsmiljø. Dei årlege sceneoppsettingane for bygdefolk, der ansvaret går på omgang mellom hovudstega, gir gode meistringsopplevingar og styrkjer banda i skulesamfunnet.
Gjennom aktive og engasjerte foreldre har skulen eit godt samarbeid både om reint praktiske tiltak og i høve samarbeid om klassemiljø og einskildelevar.
Via m.a. partnerskapsavtalen satsar skulen bevisst på eit godt samarbeid med det lokale næringslivet, likeeins søkjer ein kvart år å få til ulike tiltak for barn og unge i samarbeid med lag og organisasjonar i bygda.
Kontaktinformasjon finn ein i spalten til høgre.